Show ArchiveUtskrift

Os

Os

Os Senioruniversitet starta opp i januar 2010. Det er organisert som ei sjølvstendig, ideell samanslutning, basert på individuelt medlemskap. Det skal vera eit tilbod til alle seniorar, men vil og vera ope for andre interesserte. Os Senioruniversitet har 6 forelsningar i vårsemesteret og 5 i haustsemesteret. Møta vert haldne i Kløvertun v/ Os kyrkje, om mogeleg 1. måndag i månaden frå 11.00 - 13.00. Semesterkort kostar kr 250 og kan kjøpast i Galler Oz eller ved inngangen. Enkeltbillettar à kr 100 kan kjøpast ved inngangen.

Os Senioruniversitet arrangerer møte med foredrag/forlesningar som gir fordjupning i aktuelle fag og emne utan å gi formell kompetanse. Fordelen med seniorunivesitetet er at vi kan få ny kunnskap i ulike emne utan å ta eksamen."Senioruniversitetet" kan mest kallast ei internasjonal folkerørlse, organisert etter mønster av "Universitetet for den 3. alder" (U3A) som oppstod for nokre tiår sidan i Frankrike. Senioruniversitet er under forskjellige namn spreidd over store delar av verda. I Norge er det meir enn 80 senioruniversitet, av desse er 16 i Hordaland.

For å delta krevst det ikkje andre føresetnader enn at ein er nysgjerrig og vitelysten og ønskjer å læra meir gjennom å delta i eit sosialt og utviklande fellesskap. Hovudmodellen på møta våre er foredrag medd innlagt kaffepause og med høve til spørsmål og diskusjon etterpå.

Medlemmene i styret vil vera til stades ein 1/2 time før og etter forelesningane for å svara på spørsmål og ta imot nye idear og forslag.

Os Senioruniversitet får praktisk hjelp frå Os kommune og samarbeider med Folkeakademiet i Os.  Finansieringa baserer seg i alt vesentleg på sal av semesterkort.

Medlemmer med semesterkort deltar gratis på møta og har fortrinnsrett.

   
 
Dato/kl Foredrag Lokale Sted Senioruniversitet
04.09.2017
11.00 - 13.00
«Havets hemmeligheter – en undervannsreise langs Norskekysten». Naturfotograf Erling Svendsen Oseana Kunst og kultursenter OS Os
02.10.2017
11.00 - 13.00
«Mennesker jeg møtte gjennom over 40 år i NRK». Journalist Geir Helljesen Oseana Kunst og kultursenter OS Os
23.10.2017
11.00 - 13.00
«Naboskap – dugnad og strid i tusen år». Professor Jørn Øyrehagen Sunde Oseana Kunst og kultursenter OS Os
13.11.2017
11.00 - 13.00
«Gamlingar som vekstnæring». Journalist Asbjørn Kristoffersen Oseana Kunst og kultursenter OS Os
04.12.2017
11.00 - 13.00
«Os i 2040 med 40 000 innbyggjarar» Kommunalsjef Aina Tjosås: Oseana Kunst og kultursenter OS Os

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Wednesday the 16th. Designet av Ornell data